Er du ikke registrert som bruker av barnehagenmin? Klikk her!
Prøv vår demobarnehage, brukernavn og passord er demo.
Er du ikke registrert som bruker av barnehagenmin? Klikk her!
Prøv vår demobarnehage, brukernavn og passord er demo.
I kvar barnehage skal det finnast vedtekter, jf barnehagelova § 15. Desse skal vere ei orientering til foreldra om ulike tilhøve i barnehagen. Vedtektsendringar skal godkjennast i Styret for barnehagen (eigarstyret) / kretsstyret i Sunnmøre Indremisjon, og sendast så til kommunen og fylkesmannen til orientering.
1. HOVUDRAMME
Barnehagen vert driven i samsvar med Den Norske Kyrkja si bekjenning, Lov om barnehagar av 15.09.06, Rammeplan av 01.03.06, og dei forskrifter og retingslinjer som til ei kvar tid er fastsette av departementet, kommunen og eigar, og i årsplan for Daggry barnehage.
2. EIGARFORHOLD
Sunnmøre Indremisjon eig og driv Daggry barnehage.
Styret i Sunnmøre Indremisjon er det ansvarlege organ for institusjonen, og det organ som representerer eigaren. Ved tilsetting i Daggry barnehage skal styret i SI foreta utlysing og tilsetting i samsvar med lov og forskrifter. Styrar for barnehagen skal gje innstilling i tilsettingssaker. Tilsetting av assistenter, og stilling i vikariat, er delegert til eigarstyret, medan fast tilsetting av pedagogisk personale skjer i Kretsstyret SI.
Eigarstyret godkjenner også vedtekter, rekneskap og budsjett, og innvilger permisjoner for barn og personale.
3. FORMÅL
Barnehagen skal i nær forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje barnet ei kristen oppseding i eit trygt og godt miljø. Den skal medverke til at det einskilde barn får gode utviklings- og aktivitets-tilbod, og utvikle barnas evner og vilje til å samarbeide, respektere andre, ta ansvar og ha omsorg for medmennesker både i eige land og mellom andre folkeslag. Daggry barnehage har utvida kristen formålsparagraf.
Dei tilsette i barnehagen må forplikte seg til å arbeide i samsvar med barnehagens formål, vedtekter og gjeldande instruks.
4. FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL Barnehagelova § 4
For å sikre samarbeid med barna sine heimar, skal alle barnehagar ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.
Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette til barna i barnehagen.
Barnehagen vert i tillegg til eigarstyret leia av eit samarbeidsutval, i samsvar med lov og forskrifter. Samarbeidsutvalet ved Daggry barnehage skal bestå av 2 foreldre/føresette, 2 tilsette, og 2 representanter frå eigar. Funksjonstida for foreldrerepresentantane og dei tilsette er 1 år, medan eigarrepresentanter vert valde for ein periode på 4 år.
Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Styrar har møte-, tale- og forslags-rett i samarbeidsutvalet.
Styraren i barnehagen set opp sakliste, førebur sakene, og kaller inn til møte i samråd med leiar for samarbeidsutvalet.
Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Vidare skal det sikre og fremje samarbeidet mellom barnehage og heim. SU skal fastsetje årsplan for den pedagogiske verksemda i barnehagen og uttale seg om budsjett og rekneskap for barnehagen, og sjå til at barnehagen vert driven etter barnehagelova og dei forskriftene som gjeld.
5. GODKJENNING Barnehagelova § 6 og 10
Daggry barnehage er godkjend for 70 plasser for barn i alderen 0 – 6 år, der eit barn under 3 år skal reknast på 2 plasser. Daggry barnehage gir tilbod om heile plasser, og delte plasser. (40%, 50%, 60% og 80% plass)
6. AREALUTNYTTING
Minimumsnorma for leike- og opphalds-areal pr. barn over 3 år er 4 kvm, og pr. barn under 3 år 5,33 kvm. Jf merknadane i barnehagelova. Daggry barnehage har vedteke å fylgje denne minimumsnorma.
Daggry barnehage har eit samla leike- og opphaldsareal inne på 285 kvm. Opphaldsrom, grupperom og garderober er då medrekna.
7. OPNINGSTID / FERIESTENGING
Opningstida er mand.- fred. frå 7.00 – 17.00 Barnehagen er stengt laurd., sønd., julaftan, i romjula, i påskeveka, og 5 dager pr. barnehageår då personalet har planleggings- og kursdager. Det vert ikkje gjeve frådrag i foreldrebetalinga for desse dagane.
Daggry barnehage held ope heile sommaren. Alle barna skal ha minimum 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår, og 3 av desse vekene samanhengande innanfor skuleferien. Dersom foreldre har behov for å ta hovudferien for barnet på anna tidspunkt, må det søkjast om å få det godkjent som ferie til barnehagen på førehand. Kvardagane i romjula og påskeveka kan tilsaman reknast som den 4. av barna sine ferieveker. Barn som ikkje skal fortsette i barnehagen etter sommarferien, må ta ut all ferien innan juli månad. I august månad starter nytt barnehageår. Meir informasjon vedr. ferieavvikling får ein frå styrar.
8. BETALING
Føreskrift om foreldrebetaling i barnehagar av 16.12.06
Vedtak om fastsetjing av maksimalgrensa for foreldrebetaling i barnehagar for gjeldande år.
Betaling for opphald i barnehagen skjer etter dei satsane som til ei kvar tid er vedteke i Giske kommunestyre.
Det skal betalast for 11 månader i året. Det vert gjeve syskenmoderasjon på 30% for det andre barnet, og 50% for det tredje eller fleire barn. Moderasjonen vert gjeve til det barnet som har den lågaste satsen, og den vert gjeve også om sysken går i ulike barnehagar. I tillegg til betaling for opphald kjem betaling for mjølk, frukt, mat, turar,m.m. etter barnehagen sine eigne satser.
Barn som får tildelt spesialpedagogiske timar etter opplæringslova § 5-7 i barnehagetida, skal ha frådrag i foreldrebetalinga for desse timane, då dette skal vere eit gratis tilbod til barn, uavhengig om dei går i barnehage eller ikkje.
Det er høve til å kjøpe ekstra timer/dager i barnehagen, når det er ledig kapasitet. Satsen for kjøp av ekstra tid er fastsett av Giske kommunestyre, og er forbeholdt dei barna som allereie har plass i barnehagen på deltid.
Ledig kapasitet tyder at eit anna barn ikkje nytter plassen sin den dagen.
Dersom foreldrebetalinga uteblir, vert plassen sagt opp. Om nokon har uteståande betaling frå tidlegare opphald, kan ein ikkje få tildelt ny plass i barnehagen før det uteståande er betalt.
9. FRIPLASS
Foreldre med låg betalingsevne har høve til å søkje reduksjon eller fritak frå foreldrebetaling jf §3 i føreskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Ordninga vert administrert av sosialkontoret, og gjeld for foreldre som er busette i kommunen som har barn i kommunale eller private barnehagar.
10. OPPTAK AV BARN
Barnehagelova § 12 Samordna opptaksprosess i kommunen.
Føreskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage av 16.12.05
Melding om opptak og frist for å søkje, skal kvart år annonserast i lokalpressa. Hovudopptaket skjer om våren, og nytt barnehageår tek til i august. Søknad om plass skal skrivast på fastsett elektronisk skjema, som ein finn på Giske kommune si heimeside.
Det er styrar for Daggry barnehage som gjer opptak, i det samordna opptaksmøtet i kommunen, i samsvar med gjeldande lover og regler.
Har barnet noko form for funksjonshemming, kronisk sjukdom hjå barnet eller i heimen, eller er barnehageplass tilrådd av sakkunnig, er det krav om at fråsegn frå sakkunnig skal ligge ved søknaden.
Barnet får tildelt fast plass, som dei har fram til skulestart. Dersom ein ynskjer å søkje om endra opphaldstid, eller å flytte barnet over til ein annan barnehage, skal vanleg søknadsskjema nyttast, og søknaden vert behandla på lik linje med andre søknader.
Barn som ikkje får plass ved hovudopptaket, vert automatisk plassert på venteliste, som gjeld heile året. Nye søkjarar som kjem til i løpet av året, vert sett på ventelista. Ventelista vert nytta ved tildeling av plass i løpet av året, og plassane vert tildelte i samsvar med kva alderstrinn barnegruppa har behov for. Ventelista gjeld for det aktuelle barnehageåret, og det må søkjast på nytt ved nytt hovudopptak. Det er styrar som avgjer og legg til rette for å gje tilbod om plass som samsvarer med føresette sitt ynskje om vekedager, for barn som har delt plass. På dette området må det vere ein dialog mellom føresette og barnehagen.
Opptakskriterier:
1. 1. Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, jf §13 i lov om barnehagar av 17.06.05
Ved samansetjing av gruppene skal det takast omsyn til at det vert ei rimeleg fordeling med tanke på alder, kjønn og funksjonsnivå.
11. OPPSEIING AV PLASS
Eventuell oppseiing av plass skal skje skriftleg til styrar i barnehagen med minst 2 månaders varsel.
Dersom sluttdato for barnet er før den 15. skal det betalast for ein halv månad. Sluttar barnet etter den 15. skal det betalast for ein heil månad. Blir plassen oppsagt etter 1.april, slik at sluttdato for barnet blir etter 1.mai, skal det på vanleg måte betalast ut barnehageåret.
Dersom ledige plassar vert disponert av andre barn i oppseiingsperioden, skal det ikkje betalast lenger enn til plassen er disponert.
Det er høve til å søkje permisjon, i hovudsak for eit barnehageår om gangen. Det kan også søkjast for eit halvt år, dersom det er for vårhalvåret slik at permisjonen varer ut barnehageåret.
12. SJUKDOM
Når eit barn er sjukt eller sterkt forkjøla, skal det vere heime p.g.a. smittefare. Regler vedr. sjukdom vert levert ut til foreldra når barnet starter i barnehagen.
Ved ulykker, sjukdom og mistanke om epidemi, avgjer styrar om ein må tilkalle lege straks og melde frå til dei føresette.
13. TEIEPLIKT Barnehagelova § 20
Personalet ved Daggry barnehage, medlemer av Samarbeidsutvalet og medlemer av opptaksnemda i barnehagane har teieplikt.
14. OPPLYSNINGSPLIKT
Barnehagepersonalet har opplysningsplikt til sosialtenesta og barnevernstenesta, jf §§ 21 og 22 i barnehagelova.
I saker som kan føre til tiltak frå sosialteneste og barnevern, skal personalet vere merksam på tilhøve i barnehagen som er av betydning i forhold til tiltaket.
15. HELSE OG HYGIENE
Alle barnehagar og skular i Giske kommune skal vere godkjende etter føreskrift om ”Miljøretta helsevern i skular og barnehagar m.v.” av 01.12.95. Føreskrifta sitt mål er å bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremmar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, samt å hindre sjukdom og skade.
Daggry barnehage er godkjend etter denne føreskrifta.
Før eit barn startar i barnehage, skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse på skjema utsendt frå barnehagen.
16. POLITIATTEST Barnehagelova §19
Føreskrift om politiattest i høve til barnehagelova av 16.12.05
For den som vert tilsett i barnehage er det krav om at det skal leggjast fram politiattest av ny dato. Dette for å unngå at personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn skal få høve til å arbeide i barnehagen.
17. INTERNKONTROLL
Daggry barnehage nyttar PBL (Private barnehagers landsforbund) sitt internkontrollsystem, og har også bedriftshelseteneste i PBL. Internkontrollsystem er systematiske tiltak som skal sikre og dokumentere at aktivitetane vert gjort i samsvar med krav fastsett i eller medhold av lov og føreskrifter. Dei systematiske tiltaka skal vere skrive i administrative prosedyrer.
HMS-permane på Daggry skal vere tilgjengelege for alle i barnehagen.
18. UTLEIGE OG BRUK AV BARNEHAGEN
Når det ikkje er til hinder for den daglege drifta av barnehagen, kan barnehagen sine lokale brukast til andre møte- og aktivitets-tilbod. Eigarstyret for Daggry barnehage står ansvarleg for utleige og bruk.
19. MÅLFORM
Nynorsk målform skal så langt råd nyttast i songar og litteratur i barnehagen.
20. TILSETTE I BARNEHAGEN
Føreskrift om mellombels og varig dispensasjon frå utdanningskravet for styrar og ped.leiar av 16.12.05
Vedtektene er godkjende i eigarstyret for Daggry barnehage 13.04.2011
|
|