Er du ikke registrert som bruker av barnehagenmin? Klikk her!
Prøv vår demobarnehage, brukernavn og passord er demo.
Er du ikke registrert som bruker av barnehagenmin? Klikk her!
Prøv vår demobarnehage, brukernavn og passord er demo.
ÅRSPLANEN ER UTDELT TIL FORELDRA I PAPIRVERSJON, I KALENDERFORM. DEN LIGG IKKJE INNE PÅ DENNE SIDA I KOMPLETT UTGÅVE, MEN DET MESTE AV INNHALDET KAN DE LESE HER.
Daggry barnehage
INNHALD i Årsplanen
· Mål og innhald / "Innhaldstreet"
* Barnesyn
· Barnehagekvardagen
· Førskuleklubben
· Pedagogiske opplegg og prosjekt
· Dei 7 fagområda i Rammeplanen
· Avdelingane sine eigne sider
· Kalender
Daggry barnehage vert driven utfrå Lov om barnehager, Rammeplan, Vedtekter og Årsplan for barnehagen.Det overordna målet er at barnehagen skal gje barna gode utviklings- og aktivivtets-muligheiter i nær forståing og samarbeid med barna sin heim. Hos oss skal barna få oppleve glede og tryggleik, medan dei tileignar seg basis-kompetanse gjennom leik og kvardagsrutiner, slik at dei kan klare seg godt seinare i livet.
I rammeplanen er det skissert 7 områder som skal dekke det faglege innhaldet i barnehagen, og desse områda vert integrert i emner og kvardagsrutiner i barnehagen.
- Kunst, kultur og kreativitet
- Etikk, religion og filosofi
- Kommunikasjon, språk og tekst
- Natur, miljø og teknikk
- Kropp, bevegelse og helse
- Nærmiljø og samfunn
- Antall, rom og form
Kvart år er det særskilt fokus på to av områda, og for dette året er det dei som er skrive med raud skrift. Desse områda vert det arbeidt med gjennom satsingsområder, hovudtema, aktiviteter, emner og kvardagsrutiner i barnehagen, og i årsplanen vår finns ei oversikt over korleis dette vert gjennomført.
Hovudtema: Meistring og glede i naturen, - året rundt.
(Sjå nærare presentasjon av desse)
BARNESYN
* ALLE BARN ER UNIKE OG VERDIFULLE, OG SKAL MØTAST MED RESPEKT * DEI HAR ALLE RETT TIL Å FÅ UTVIKLE SEG UTFRÅ EIGNE EVNER OG FØRESETNADER, INDIVIDUELT OG I SAMSPEL MED ANDRE * DET ER VIKTIG MED TIDLEG STIMULERING AV SPRÅK OG SOSIALT SAMSPEL, OG UTVIKLINGSSTØTTE FOR GOD LÆRING OG KUNNSKAPSTILEIGNING HEILE LIVET * GOD LÆRING = HEILHEITLEG LÆRING. DET BETYR SAMANHENG I LÆRINGA FRÅ BARNEHAGE TIL ENDT SKULEGANG, DET BETYR TVERRFAGLEG LÆRING, OG DET BETYR AT BARN FÅR LÆRE GJENNOM OPPLEVINGAR OG REFLEKSJON, MED HEILE KROPPEN OG ALLE SANSANE SINE. GOD LÆRING ER AVHENGIG AV INSPIRERANDE VOKSNE, SOM ER GODE ROLLEMODELLER, OG SOM MOTIVERER TIL BARNET SI LYST TIL Å LÆRE OG UTFORSKE.
VISJON / KRISTEN FORMÅLSPARAGRAF:
"Daggry barnehage -med Guds kjærleik til barna".
Barnehagen har ei utvida praktisering av den kristne formålsparagrafen, noko som vil seie at den kristne bodskapen pregar kvardagslivet og haldningane i barnehagen. Barna vil få god kjennskap til dei kristne grunnverdiane, og kristne barne-sanger og litteratur vert brukt på lik linje med anna stoff.
Vi ynskjer med visjonen vår å formidle Guds kjærleik til menneska, gjennom omsorg, læring og relasjoner i barnehagen.
Å vere sosialt kompetent , vil seie å kunne meistre samspel med andre på ein konstruktiv måte. Det å lukkast i møte med sosiale krav og verte integrert i sosiale miljø, er fundamentet for alt menneskeleg samliv, det er avgjerande for korleis barn kan tileigne seg læring, og for eit godt framtidig liv.
Vi vil at barnet skal oppleve å vere ein verdifull del av fellesskapet der ein kan gje og ta, og barnet skal lære grunnleggande verdiar som ansvar, omsorg, empati og kommunikasjon på ulike plan. Å lære språket er noko av det viktigste som skjer i eit barns liv, fordi det er eit sentralt grunnlag for all anna utvikling. I samarbeid med skulen jobber vi for gode rutiner i overgangen frå barnehage til skule, slik at barna hos oss får det grunnlaget dei treng i den vidare læringa i skulen. Vi har førskuleklubb der det vert jobba særskilt med dei eldste barna som skal over i skulen.
I barnehagen bruker vi observasjonsmateriell som ”Alle med” og ”TRAS”, dei metodiske opplegga ”Snakkepakken” , ”Språk-sprell” , eit opplegg med musikk, og vi legg til rette for språkstimulering gjennom kvardagsrutinene og sansemotoriske opplevinger.
LØFT-metoden: (løysingsfokusert tilnærming /arbeidsmetode) er det overordna temaet for både barn og personale. Dette inneber at vi skal bekrefte og synleggjere god atferd istadenfor å ha fokus på det som er negativt, vi skal løfte kvarandre fram og synlegjere gode sider, vi skal fokusere på løysingar der det er problem.
Målet er at barnet / mennesket skal bli den beste utgåva av seg sjølv og utvikle god sjølvkjensle. Dette er også utgangspunktet for å bli sosialt kompetent.
HOVUDTEMA 2011-2013: "Meistring og glede i naturen året rundt"
Dette er eit så stort tema, at vi vil jobbe med det over 2 år, og trekke ut ulike undertema som vi fordjuper oss i. Avdelingane velger ut sine undertema, og desse vert presentert på avdelingane sine eigne sider her i årsplanen.
Hovudtemaet bygger på ”LØFT”-metoden, og dei 2 fokus-fagområda dette året: ”Natur,miljø og teknikk” og ”Kunst, kultur og kreativitet”.
Vi vil bruke naturen som meistringsarena, la barna få oppleve glede over å opphalde seg i naturen, utvikle kreativitet i gjennom opplevingar, leik, formingsaktiviteter, dans, drama, musikk,og barnekultur, og vi fylgjer årstidene og dei endringer som skjer i naturen gjennom eit år.
”LØFT”– metoden
LØFT = løsningsfokusert tilnærming / arbeidsmetode. Det betyr at vi skal bekrefte og synleggjere det som er positivt og bra med enkeltbarn, barnegruppa og avdelinga. Vi roser handlinger og følelser som vi ynskjer å løfte fram, noko som gjer at barnet ser seg sjølv i eit nytt lys. Barna skal få kjenne seg verdifulle, oppleve meistring, og utvikle eit positivt sjølv-bilete med god tru på seg sjølv. Vi skal ta i bruk metoder som fungerer, og rydde unna det som ikkje fungerer. I praksis vil dette seie:
· Sjå etter lysglimt i kvardagen, og dele dei med alle rundt seg
· Gje barnet tilbakemeldinger på det positive dei gjer og seier i ”her og no”-situasjoner
· Fortelle om barnas suksesser til andre, gjerne i barnets påhøyr
· La barna vise det dei kan til andre, og evt lære det vidare
· Fokusere oppmerksomheita vår på det vi ynskjer meir av
· Lytte til barna, vise dei tillit, tru på dei, og feire små suksesser
Målet er å gjere barnet til den beste utgåva av seg sjølv!
Det vert også jobba med LØFT i personalgruppa, for å utvikle sam-arbeidet og arbeidsmiljøet, og gjere oss til gode modeller for barna.
Når vi opplever at vi meistrer noko, så opplever vi også glede, og det verkar positivt inn på sjølvbiletet vårt. Meistringa skaper også interesse for vidare læring, og vi kjem slik inn i ein god sirkel. Dette er målet for hovudtemaet vårt.
Vi vil bruke naturen aktivt og bevisst, gje barna gode opplevingar, utforske og undre oss saman over fenomen i naturen og korleis ting heng saman, og lære gjennom å bruke alle sanser og heile kroppen. Læring på denne måten gir mykje meistring og gode opplevingar for barna. Og det handler ikkje om læring kun innanfor naturfag-området, men alle barnets utviklingsområder.
Det handler om meistring av eigen kropp / motorisk utvikling, utvikling av leik og sosialt samspel, kreativitet og evne til samarbeid, språkleg utvikling, og utvikling av konsentrasjon. Urolige og rastlause barn finn oftare ting som dei interesserer seg for og roer seg med ute i naturen. Vi vil ta utgangspunkt i barnas eigne forut-setninger, fokusere på det dei klarer og er flinke tilDer finnast alltid utfordringer i naturen, den gir unike muligheiter, og er derfor den beste arena for all slags læring.
SLIK VIL VI JOBBE MED HOVUDTEMAET:
· Turdager i skogen og fjøra, i grupper, minst ein gang pr veke
· Samling, aktiviteter og matlaging i naturen
· Bruke naturmateriale i formingsaktiviteter. Kunstutstilling
· Vi deltek i prosjekt ”Fiskesprell”, med fokus på mat frå havet
· Vi er ”MerFrukt”-barnehage, der vi har forplikta oss til jevnleg å bruke frukt, bær og grønnsaker.
· Naturvern
· Litteratur, sanger, rim/regler, dokketeater, rollespel, drama, m.m. om temaet
HOVUDTEMA
BARNEHAGEKVARDAGEN
MOTTO FOR BARNA:
SOM EIT KJEDE, SAMAN I GLEDE
INGEN LIKE, MEN ALLE UNIKE.
Vi legg vekt på samhald og mykje humor og glede i barnehagen vår, og vi ynskjer å legge til rette for at kvart barn skal få utvikle seg ut frå sin eigenart. Målet er ikkje å gjere alle like. Det er verdi fullt med eit fellesskap som er sett saman av ulike mennesker, som med sine ulike evner, haldningar og kvaliteter utfyller kvarandre, og slik skaper samhald og eit godt miljø.
KVARDAGSRUTINENE
Desse faste rutinene som går igjen kvar dag, (levering om morgonen, måltid, samling, på / avkledning, toalettbesøk / bleieskift, inne- og ute-leik, avslutning på dagen), er ein viktig del av opphaldet i barnehagen. For det første gir dette dagen ei trygg ramme, fordi det er kjende situasjoner der barnet veit kva som skal skje, og det er barna si ”klokke” på kor langt dei er komne på dagen sin.
For det andre er det her det meste av læringa i barnehagen skjer, fordi det skjer samhandling i desse situasjonane, barna ser seg ut førebilete som dei tek etter, og her praktiserer vi både pedagogiske opplegg og daglege praktiske oppgåver.
Barna får også lære å forhalde seg til reglar og grenser som skal til for at fellesskapet skal fungere, og når dei skal ”trene” fram mot eit vakse liv, så må dei etterkvart meistre mange reglar og grenser på ulike nivå.
DETTE SKAL BARNA I DAGGRY BARNEHAGE FÅ LÆRE / OPPLEVE:
* Å kjenne seg elska (visjonen vår; formidle Guds kjærleik) Oppleve å vere unik og verdifull i vårt fellesskap. Bli sett og høyrt kvar dag.
* Å kunne fungere godt saman med andre mennesker (sosial kompetanse; vennskap, respekt, toleranse, ansvar, problemløysing, empati,.. gjennom opplegget ”Steg for steg”)
* Humor og glede; korleis dette gir livet verdi
* Tryggleik i eit godt miljø, som er prega av
dei kristne grunnverdiane
* Få gode opplevingar med sang og musikk
* Eit godt læringsmiljø, der læring skjer gjennom leik og sanse-opplevingar. Grunnleggande kompetanse innanfor dei 7 fagområda i rammeplanen.
DEI 7 FAGOMRÅDA
KOMMUNIKASJON, SPRÅK og TEKST
handlar om å tileigne seg det munnlege språket, noko som er av stor betydning tidleg i barns utvikling. Det vekselspelet som foregår i kommunikasjonen, både verbalt og non-verbalt, er ei forutsetning for både språk og sosial kompetanse.
Tekst omfatter skriftlege og munnlege forteljingar, dikt/poesi, rim/regler og sanger. Barnet skal kunne lytte og gje respons i gjensisdig samhandling med andre, utvikle begrepsforståing og variert ordforråd, bruke språket til å uttrykke kjensler, ynskjer, løyse konflikter, og skape positive relasjoner i samver med andre mennesker. Vi ynskjer å gje barna eit positivt forhold til tekst, bileter, tal og bokstaver som ei kjelde til kunnskapar og estetiske opplevingar.
Metode: Stimulere rolleleik, bruke språkleikar, musikk / rytme / lytte-leikar, sang, høgtlesing, samtale, aktivitetsgrupper, førskuleklubb, ulike prosjektarbeid og gje opplevingar
KROPP, BEVEGELSE og HELSE
handlar om å tileigne seg grunnleggande motoriske ferdigheiter og kroppsbeherskelse, og lære å ta vare på kroppen og helsa si. Barn uttrykker seg mykje gjennom kroppen, og første kontakt med omverda starter med kroppsleg aktivitet og sanse-erfaringar.
Barna skal få lære om kva betydning kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile, har for ein sunn kropp .
Metode: Aktiv bruk av natur og nærmiljø, gymsal, stimulerande leikeområde, veksling i barnehagedagen mellom aktiv bruk av kroppen og rolege aktiviteter / kvile, temaarbeid om kroppen, rørslesanger, drama og bevegelse til musikk.
.
KUNST, KULTUR og KREATIVITET
Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Dei må derfor få høve til å oppleve kunst og kultur, og sjølv få uttrykke seg estetisk. Gjennom slike erfaringar får barn muligheiter til sansing, eksperimentering, skapande erksemd, tenkning og kommunikasjon.
Fagområdet omhandlar billedkunst, kunsthandverk,musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design.
Vi ynskjer at barna skal få styrke sin kulturelle identitet og personlege uttrykk, ta i bruk fantasi og kreativitet, og oppleve skapar-glede og samkjensle med ansre mennesker gjennom dette.
Metode: Stimulere barna til å uttrykke seg gjennom forming, musikk, drama, gje høve til leik og opplevingar i naturen, bruk av naturmaterialer til bileter og kunst, og legge til rette for estetiske opplevingar, teaterbesøk og kulturtilbod.
NATUR, MILJØ og TEKNIKK
handlar om å bli kjent med naturen, det mangfald av opplevingar og aktiviteter som kan finnast der, og at dette kan gje inspirasjon til estetiske uttrykk.
Vi vil prøve å gje barn den første forståing av ei berekraftig utvikling. Dei skal få kjennskap til planter, dyr, landskap, årstider og ver, og utvikle kjærleik til og forståing for naturen, og det samspelet som skjer i naturen, og mellom mennesker og natur.
Metode: Aktiv bruk av skogen og fjøra, faste turdager i all slags ver, fylgje naturen gjennom ulike årstider, temaarbeid, forming med naturmateriale, litteratur, sanger og leikar. Stimulere barns nysgerrigheit på livet i naturen, og inspirere til å bli glade i naturen og ta vare på den.
ETIKK, RELIGION og FILOSOFI
Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer. Det preger verdier og haldningar, og måtar å oppfatte omverda og andre mennesker på. Det vert lagt vekt på humanistiske verdier, kristen tru og tradisjon, som gjennom århundrer har prega norsk kultur.
Barnehagen skal også reflektere over og respektere mangfoldet av kultur og religionsom finnast i gruppa, samtidig som den etiske rettleiinga skjer ut frå verdiar og tradisjonar i den kristne kulturarven.
Metode: Utvikle respekt, toleranse, og interesse for kvarandre, verdiformidling gjennom barnehagens visjon som skal prege kvardagen og legge til rette for undring, samtale og refleksjon over grunnleggande spørsmål. Samling med tema frå Bibelen eller kristen etikk, legge vekt på høgtidene, kyrkjebesøk, litteratur og barnesanger.
NÆRMILJØ og SAMFUNN
handler om at barn skal få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Medverknad i barnehagens indre miljø er første skritt mot dette målet. Barnehagen skal styrke kunnskap om og tilknytning til lokalsamfunnet, natur, kunst / kutur, arbeidsliv, tradisjoner, levesett, og media si betydning for barnas kvardag. Barns ulike opplevingar frå heimemiljø, omgamgskrets og reiser gir også kunnskap om ulike samfunn.
Metode: Oppdage, bli kjent med, og utforske nærmiljøet. Metodiske opplegg som ”Tarkus” (trafikkopplæring), besøk av politi og politibamsen Eddy, ”Eldar og Vanja” (brannvern), besøk av brannmenn og brannbil, vere med på innkjøp i butikken eller ærend på rådhuset, bruke gymsal og sløydsal på skulen, turer i nærmiljø og natur, osv.
I barnehagen er dei eldste barna med på barnehageråd, barnesamtaler, planlegge emner, og lage sosiale regler i fellesskap.
ANTALL, ROM og FORM
Gjennom leik, kvardagsaktiviteter og eksperimentering utvikler barna sin matematiske kompetanse. Dei er på jakt etter samanhengar, utforsker rom og form, argumenterer, og er opptekne av tal og telling.
Barnehagen skal oppmuntre barns eigen utforsking, og legge til rette for tidleg og god stimulering på dette feltet.
Metode: Leik med tal og former, konstruksjonsleik (byggeleik), ulike matematiske spel og leikemateriell, formingsaktiviteter, oppgåver i førskuleklubben med begrep, former, tal, sortering, osv. Stimulere til å bruke språket som reiskap for logisk tenkning og til å oppdage samanhengar og rom / form i naturen.
BARNS MEDVERKNAD
Det er nedfelt i rammeplanen om barns rett til å gje uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege verksemd. I planlegging og vurdering skal barnas synspunkt vektleggast i samsvar med barnets alder og modning.
Hos oss vert barna tekne med på råd og får uttale seg når vi skal planlegge aktiviteter, (eks. turdager, kjøkkengruppe, bursdagsfester) og dei får vere med på å lage felles reglar som trengs for at alle skal ha det bra i gruppa. Det skal også gjennomførast barnesamtaler. På denne måten får barna trene seg til å gje uttrykk for sine meiningar, lære å lytte til andre, og å finne løysingar saman.
OMSORG, LEIK og LÆRING
Omsorg, leik og læring er det sentrale for barna i barnehagen. Alle barn treng omsorg, og har rett til å få det. Omsorg er ei forutsetning for barns utvikling og læring, og den skal prege all samhandling i barnehagen. Den dominerande aktiviteten for barn i førskulealder, er leik. Barna leikar seg til voksenlivet, og all læring skjer gjennom leik. Den er ei grunnleggande livs- og lærings-form som barn kan uttrykke seg gjennom, eit fenomen der barn har høg kompetanse og engasjement. Leiken har eigenverdi, og den er ei vikltig side ved barnekulturen.
Barna skal få grunnleggande kunnskap på sentrale og aktuelle områder i barnehagen. Vi skal støtte barns nysgjerrigheit, kreativitet og vitebegjær, og gje utfordring med utgangspunkt i barnet sine interesser og utviklingsnivå.
SOSIALT SAMSPEL
Samhandling med andre mennesker utgjer ein vesentleg del av livet vårt. Dersom ein skal få eit godt liv, så er det grunnleggande å kunne fungere saman med andre mennesker. Det er sosiale regler, kunnskap / innsikt i andre sine behov, og evne til kunne sjå ting frå ein annan ståstad, som gjer oss kompetent til å samhandle konstruktivt med andre menneske. Dette kan vere vanskeleg for små barn, som i utgangspunktet er egosentriske, men dei skal utvikle seg til sosiale individ, og derfor er dette viktig basiskompetanse som barnehagen skal hjelpe barna til å utvikle.
Avdelingane på Daggry gjennomfører flest mogleg aktiviteter i mindre grupper, dvs 4-6 barn, då vi opplever at dette er gode situasjoner for barna. Det er slitsamt å vere i ei gruppe på 20 barn heile dagen, og det er vanskelegare for barn å ta i mot læring i stor gruppe enn i lita.
UT I NATUREN
” Naturen -den beste arena for læring”
Friluftsliv og bruk av natur og nærmiljøet, er noko som alle barn bør få oppleve.
Alle avdelinger på Daggry har eigne turdager, og vi prøver å gå nesten uansett ver.
I naturen får barna utforske og bruke sansane sine, dei får motoriske utfordringer gjennom fysisk aktivitet, og dei får utvikle kreativitet og fantasi i leik med naturmateriele.
Vi skal jobbe med det sosiale samspelet gjennom ulike aktiviteter og leikar, og vi skal bruke opplegget ”Språksprell”, og vere bevisste på å bruke språket saman med opplevingar, ved m.a. å setje ord på gjenstander og handlingar.
Vi skal sjå kva som skjer med naturen gjennom dei ulike årstidene, vi skal lære navn på utvalgte planter, tre og smådyr, lære om jord og vatn, om å ta vare på naturen, og vi skal samle naturmaterialer som skal brukast til formingsaktiviteter.
VAKSNE ROLLEMODELLER
Personalet i barnehagen er viktige rettleiarar og modeller i læringa for barn i førskulealder. Vi legg då vekt på å vere tydelege, ekte og trygge på oss sjølve, og vi vil ha positive haldningar og spreie glede og oppmuntring rundt oss.
Vi vil vere der for barna, lytte til dei, kommunisere, og prøve å ta barnets perspektiv.
Barna skal oppleve at dei vert tekne på alvor, og at vi har tid til dei. Viser også her til Barnesynet i vår barnehage, som vi jobber etter.
FØRSKULEKLUBBEN
På Aurora er det førskuleklubb for dei barna som går siste året før dei skal over i skulen. Annankvar torsdag har vi felles klubbsamling, der Marte og Kari-Lise har ansvar for språk og matematikk-aktiviteter spesielt. Den andre torsdagen har avdelingane turdag med pedagogisk opplegg. (Språksprell, leikar, aktiviteter og matlaging i naturen, m.m.)
|
|